Denne artikkelen ble publisert direkte på HonestThinking 26.11.2005.

 

 

Dogmatiske kulturradikalere

 

 

Av Ole Jørgen Anfindsen, redaktør, HonestThinking

 

Filosofiprofessor Gunnar Skirbekk har i høst utgitt boken Den filosofiske uroa i spenninga mellom tvil og tru. HonestThinking har ennå ikke fått lest den, men noterer med interesse at den har fått tildels svært positiv omtale/anmeldelse.

 

For eksempel kommer førsteamanuens i filosofi Atle Måseide med en varm anbefaling av boken i en helsides anmeldelse i Klassekampen 23.11.2005. Han drøfter Skirbekks analyse av hvilke forutsetninger som må være tilstede for at en meningsfull samtale/diskurs skal kunne finne sted, og skriver i den sammenheng bl.a. følgende:

 

Innebørda er at vi har forplikta oss på ’det betre argument’ i den offentlige bruken av den feilbarlege fornufta i open og opplyst meiningsutveksling. Dette er eit conditio sine qua non for det moderne, pluralistisk-liberale samfunnet: Vi kan gjerne ha ulike syn på ting, men vi kan ikkje gje avkall på desse nødvendige vilkåra for sannings- og validitets-søking utan at vi samstundes riv grunnen bort under føresetnaden for å oppretthalde dette samfunnet. Med dette torpederer Skirbekk både fundamentalisme av ulike slag og post-modernistisk kontekstualisme.

 

[…]

 

Når all sanning blir redusert til eit spørsmål om kontekst, gir det ikkje lenger meining å stille sanningskrav til vitskapleg verksemd, heller ikkje krav om moralsk validitet. (vår uthevelse)

 

Mot slutten av sin bok kommer Skirbekk inn på eksistensielle spørsmål og ’ærefrykt for livet’. Om dette skriver Måseide følgende i sin anmeldelse: ”Å ta opp eit tema som dette, endar som regel i banalitetar. [Men i] så måte var det nærmast ei openberring å lese det Skirbekk gjer ut av emnet. Det er det klokaste og minst pretensiøse eg har sett av noen filosof om eit emne av dette slaget.”

 

 

HonestThinking anbefaler forøvrig Gunnar Skirbekks egen artikkel om ’dei nye posørane’ (Morgenbladet 25.11.2005). Her er et kort utdrag:

Her heime har vi i så måte ein repressiv allianse mellom tradisjonell norsk anti-intellektualisme og nasjonale posørar og PR-strategar. Den slags folk er ute etter å bli sett og høyrt og å påverke dei andre, og elles la det stå til. Dei har ikkje behov for å gjere opp rekneskap på eigne vegner. Dei ser ikkje poenget ved å stille spørsmål ved det ein sjølv er og gjer. Når ein trur ein ’har svara’ , treng ein ikkje gå dei eigne oppfatningane etter i saumane, i jakt på betre argument og synsmåtar.

Så kan ein fnyse og fnise over dei andre, utan å reflektere over eiga tankeløyse. Kort sagt, her blir ein ikkje plaga av filosofisk uro, for her har ein gitt seg over i sjølvtilfreds posering eller i strategisk omgang med andre. Slik unngår ein den filosofiske uroa, for her er ’slet intet, som greb ens sind uhyggeligt’.

 

 

Til slutt tar vi med et lite klipp fra en artikkel i Vårt Land (opprinnelig lenket opp fra HonestThinking medio oktober 2005): Kristenfolket har tent på å bli pressa til refleksjon over eigen tradisjon. Då står det verre til med kulturradikalarane, meiner filosofiprofessor Gunnar Skirbekk. "Tendensen går frå kulturradikalismen via AKP(m-l) til dei nye media – det å ikkje problematisere sin eigen ståstad. Ein brukar i staden all energien på å overtale den andre, på å nedkjempe motparten. Det har ein viss grad av anti-intellektualisme over seg, der ein gjerne reagerer med moralsk hysteri når ein vert pressa, seier Skirbekk".

 

 

Tilbake til HonestThinking