Open, løynd og konstruert dagsorden

 

 

 

Dette innlegget  sto på trykk i Klassekampen 27.06.2005, og publiseres elektronisk på HonestThinking.org etter avtale med forfatteren.

 

 

Se også relaterte innlegg.

 

 

Av Hans Olav Brendberg

 

 

Henrik Lunde, informasjonsleder ved Antirasistisk senter, "undrer fortsatt på hvor lenge vi skal vente før Anfindsens ærlige tenking blir omsatt til ærlig tale" (KK 22. juni). Det han saknar, er at Anfindsen skal seia det han "eigentleg" meiner - "repatrier og steriliser", a la Jack Erik Kjuus.

 

No er det ingenting av det Anfindsen har skrive som tyder på at han er tilhengar av repatriering og sterilisering. Det enklaste - og mest saklege - er vel difor å gå ut frå at Anfindsen meiner det han skriv, og ikkje det informasjonsleiaren i ARS utan eit fnugg av sanningsprov tillegg han. Det skulle jo vera nok av saklege usemjer å ta tak i, utan å ty til slike konstruksjonar som Lunde gjer.

 

Lite tyder på at islam utgjer noko trugsmål mot norsk språk og kultur. Derimot har al-Kubaisi og Bakir i dette ordskiftet vore inne på eit problem som er meir røynleg: At tendensar i den islamistiske rørsla kan komplisera tilhøvet mellom innvandrar og innfødd nordmann. Dette vil først og fremst vera eit problem for muslimar i Noreg, som i dei aller fleste tilfelle er dei som blir negativt råka av ghettoisering. Det vil i tilfelle ikkje vera første gongen i historia religion dreg den usynlege lina mellom "oss" og "dei" som er det styrande prinsippet for ghettoen.

 

Hanan Bakir dreg òg fram ei anna historisk røynsle: Innvandringa til Palestina i mellomkrigstida. Også den gongen nekta den angloamerikanske venstresida - folk som Joshiah Wedgwood og Stephen Wise - for at det var legitimt å sjå på denne masseinnvandringa frå nokon annan synsvinkel enn den humanitære: Uskuldige offer som søkte ein fristad frå naud og forfølgjing (og i stor grad var det jo slike som koloniserte Palestina). Den palestinske motstanden mot sionistisk innvandring vart stempla som høgreekstrem, dei palestinske opprøra som pogromar. Høg moral vart prioritert framfor å la ulike synspunkt koma til orde.

 

Det er mykje som skil mellomkrigstidas Palestina frå dagens Noreg. Likevel kan historia illustrera eit poeng: Politikk er ikkje eit gjennomsiktig spel, og bak ein open dagsorden kan ein ofte finna ein annan. Ein treng ikkje tvila på det oppriktige humanitære engasjementet til dei som ville hjelpe jødiske flyktningar for å sjå at dette gjekk saman som hand i handske med dei planane som på same tid vart lagt for å gjera vel ein halv million palestinarar til heimlause flyktningar.

 

I dag er nok likevel USA ein meir relevant parallell enn Palestina. At det finst eit humanitært engasjement bak ønsket om meir liberal innvandringspolitikk er greitt. Men det finst også ein annan dagsorden. Liberal innvandringspolitikk er eit av dei grunnleggjande dogmene til den nykonservative rørsla i USA, som har sentrale maktposisjonar i dagens Bush- administrasjon. Det er ein del av programmet for ein global, kapitalistisk revolusjon der skandinaviske velferdsstatar og andre hinder for utvikling blir kasta på historias skraphaug. Målet er ei verd der du ikkje skal ha sterkare sosialt tryggjingsnett enn du privat er viljug til å betala for. For å nå slike mål, kan ghettoens "oss" og "dei" vera eit nyttig verktøy.

 

 

Tilbake til HonestThinking.org