Dette innlegget sto på trykk i Klassekampen ca 29.05.2007, og republiseres på HonestThinking etter avtale med forfatteren.

 

 

Utfordringa står ved lag

 

Av Sigurd Skirbekk

 

Til vanleg brukar eg ikkje svara fleire gonger på eit avisinnlegg: Eg har heller ingen personleg trong til å halde gåande ein polemikk med Olav Randen. Når eg likevel vil svara på innlegget hans frå 25. mai, er det fordi den demografiske utviklinga er så viktig for vår framtid, at misvisande tal ikkje bør bli ståande umotsagde. Eg meiner at ved sida av forbruksveksten pr. individ er veksten i talet på individ den største utfordringa vi har framføre oss i vår tid.

 

Eg er samd med Randen i at heimesida til World Population Prospect frå FN kan vera eit bra utgangspunkt for å få eit bilete av dei demografiske framtidutsiktene. Eit neste steg må vera å sjå på dei midlare utrekningane i diverse underavdelingar av denne heimesida på internett.

 

Tala frå FN er ikkje roande. Demografane i FN har rekna ut at talet på individ på denne jord har auka frå 2,3 milliardar i 1950 til 6,1 milliardar i 2000 og peikar vidare mot 9,1 milliardar i 2050. Samstundes er det ingen ting som talar for at veksten vil stansa det året, jamvel om veksten blir mindre. På verdsbasis aukar no folketalet med 78 millionar i året (2005-2010), og er venta å auka med 33 millionar i året i perioden 2045-2050. Tabell http://esa.un.org/unpp/p2k0data.asp  gir ikkje data for ei von om stabilisering midt i hundreåret.

 

Ein del demografiske data gjeld ulik verdsdelar. Afrika som hadde 224 millionar innbyggarar i 1950, og 820 millionar i 2000, er rekna med å få knapt to milliardar i 2050. Asia auka frå 1,4 milliardar i 1950 og til 2,7 milliardar i 2000 og er venta på passera 5,2 milliardar midt i dette hundreåret.

 

Skilnadene i fødselstal mellom ulike verdsregionar er store, og skilnadene let seg ikkje forklårast berre ut frå økonomiske tilhøve i ulike land. Heller ikkje ein politikk for stabilisering kjem langt berre med økonomiske åtgjerder. Dersom nokon kunne leggja fram ein økonomisk formel for at landa i Afrika vil få eit gjennomsnittleg fødselstal på 2,04 i 2045-2050, ville vedkommande vera ein sterk kandidat til ein Nobelpris i økonomi: Fødselstala i dag er desse: Angola  6.43,  Benin  5.42, Burkina Faso 6.00, Burundi 6.80,  Chad 6.20, Guinea-Bissau 7.07, Kongo 6.29, Dem.Rep Kongo 6.70, Liberia 6.77, Malawi 5,59, Niger 5,32, Nigeria 5.32, Sierra Leone 6.47, Somalia 6.04, Tanzania 5.16, Uganda 7,5.

Det finst fleire systematiske studiar som syner at religionar spelar ei rolle for fertiliteten, både mellom land og innanfor same landet. Faginteresserte kunne her lese S. Philip Morgan, o.a., ”Muslim and Non-Muslim Differences in Female Authonomy and Fertility: Evidence from four Asian countries”, Population and Development Review sept. 2003, med samanlikningar av fødselstal i India, Malaysia, Thailand og Filippinane.  Ein annan kjend studie som peikar i same lei, er skriven av Vani K. Borooah: ”The Politics of demography: a study of inter-community fertility in India”. European Journal of Political Economy,  2004.

Til slutt: Det finst muslimske leiarar som talar høglydt om eit muslimsk verdsherredømme, og det må vera tillate å nemna dette. Det tyder ikkje at det er desse leiarane som bestemmer fødselstala til vanlege muslimske kvinner. Likevel kan dei vera indirekte skuldige, i og med at fleire av dei motarbeider ei modernisering av Islam. Islam verkar inn på kulturen, kulturen verkar inn på samfunnstilhøva, mellom anna på oppfatningar om kva som er familieoppgåver og kva som er offentlege velferdsoppgåver. Samfunnstilhøva verkar inn på familieformer og på fødselsnormer i eit samfunn.

Det er ikkje nok at folk er velståande og kan rekna med at borna deira vil veksa opp, for at dei vil velja lågare fødselstal. Omsynet til eigen alderdom spelar og ei stor rolle. Der ein ikkje har nasjonalstatar, ville ein knapt finna velferdsstatar i vår meining av ordet, og dermed heller ikkje offentlege ordningar for at folk kan sjå eigen alderdomen trygt i møte utan større barneflokkar.

Slike samanhangar kan gjera det misvisande både å tolka fødselsratar direkte ut frå religion og for å sjå bort frå religion i forklåringar av fødselsratar.

 

Tilbake til HonestThinking