Denne kronikken sto på trykk i Klassekampen 18.07.2007, og republiseres av HonestThinking etter avtale med forfatteren.

 

 

Muslimsk fleirtal i Norge?

 

Av Olav Randen, småbrukar, skribent og forleggjar. boksmia (at) online.no

 

Carl I. Hagen og andre Frp-arar, Ole Jørgen Anfindsen i nettstaden HonestThinking og tidlegare stortingsrepresentant Hallgrim Berg i boka Amerikabrevet har hevda at om nokre tiår kan fleirtalet av innbyggjarane i Norge vere muslimar. Anfindsen er teoretikaren blant desse. Han viser, skriv Berg, ”med klar logikk at landet – under gitte føresetnader – kan få muslimsk fleirtal så tidleg som rundt 2040 eller 2050”. Tanken er ikkje at kristne konverterer til islam, ikkje masseinnvandring etter eit økologisk samanbrot i muslimske land og ikkje invasjon, men at folkesetnaden endrar seg med henteekteskap og høge barnetal blant muslimske innvandrarar. Om dette har dei skrive kronikkar i mange aviser.

Anfindsens hovudtese er at innvandringa frå ikkje-vestlege eller iallfall muslimske land utviklar seg etter sin eigen, eksplosive dynamikk. Når først somme har kome hit til lands, vil talet vekse eksponensielt, omtrent som eit banklån med renter og renters renter. Ut frå dette set han opp tabellar med ulike vekstprosentar. Viss 100 personar kjem frå Irak eller Somalia i år og me bruker ein vekstprosent på 7, vil dei om fem år ha vorte til 140 og om ti år til 200. Om 50 år har dei vorte til nesten 3000.

Spådommar kan vanlegvis korkje bevisast eller motbevisast. Aksel Sandemose skreiv ein gong eit fornøyeleg stykke om ein mann som hadde fått for seg at at han skulle leve evig. Det er berre hittil at alle har døydd, det seier ingen ting om framtida, sa han. Det er akkurat som med to pluss to. Hittil har det vorte fire, men kva det blir heretter, kan berre framtida vise.

Me må altså nøye oss med å vurdere om spådommane er sannsynlege eller usannsynlege. For å vurdere innvandringa må me ta for oss fire grupper, norskbuande muslimar, norskbuande ikkje-muslimar, innvandrande muslimar og innvandrande ikkje-muslimar.

Det bur vel 100 000 muslimar og vel 4,5 millionar ikkje-muslimar i Norge. Folketalet i Norge er i ferd med å flate ut, men også om 50 år vil det truleg minst vere 4 til 4,5 millionar ikkje-muslimar i landet. Erfaringar frå ulike vestlege land viser at fødselstalet blant innvandrarar frå tredje verda-land ved andre generasjon tilpassar seg landa sitt normalnivå. Det er difor heller ikkje sannsynleg at dagens muslimar i Norge vil bli så mange fleire om nokre tiår. Me kan gå ut frå at med basis i den noverande, innanlandske befolkninga vil det vere minst 4 millionar fleire ikkje-muslimar enn muslimar.

Skal me få overvekt av muslimar, må det med andre ord skje med ny innvandring. Ser me på netto-innvandringa i fjor, kom under halvdelen frå den tredje verda. Om lag kvar fjerde innvandrar kom frå land med islam og er difor mest truleg muslim. I åra før har ein noko større del av innvandrarane, rundt tredelen, truleg vore muslimar.

For at Norge skal få overvekt av muslimar, må altså minst 4 millionar fleire muslimar enn ikkje-muslimar flytte til landet. Tenkjer me oss at forholdet endrar seg frå dagens innvandrarmønster dit at to av tre innvandrarar i åra som kjem, er muslimar, må det kome meir enn 12 millionar menneske (8 millionar muslimar og 4 millionar ikkje-muslimar) om det skal bli muslimsk fleirtal, 160 000 muslimar i året i 50 år. Folketalet i Norge må bli nesten firedobla. Tenkjer me oss at tre av fire framtidige innvandrarar er muslimar, må det til ei innflytting på minst 8 millionar og nesten ei tredobling av folketalet, frå 4,6 til 12-13 millionar.

La oss nærme oss spørsmålet på ein annan måte. Me tek utgangspunkt i ei innvandrargruppe på 10 personar og tenkjer oss at alle variablar går i favør av Anfindsens påstand. Me tenkjer oss at ALLE dei ti er einslege og at ALLE hentar ektemakar i heimlandet. Gruppa blir altså til ti par eller tjue personar. Me tenkjer oss vidare at ALLE para får fire barn, altså 40 i alt. Desse 40 giftar seg, og ALLE hentar ektemake i heimlandet. Då har gruppa vakse til 100. Innan 50 år frå dei første kom, har også ALLE desse 40 para fått fire barn, 160 i alt. Då har altså talet auka til 260. Med desse føresetnadene ligg me framleis under Anfindsens trettidobling.

Virkelegheita er annleis. Blant innvandrarane er det einslege, par og barnefamiliar. Det er unntak at dei hentar ektemake frå heimlandet og sjeldne unntak at andre generasjon gjer det. Somme giftar seg med andre innvandrarar, somme med norske, og somme stiftar ikkje familie. Gjennomsnittleg barnetal er ikkje fire, men vel to for første generasjons asiatiske innvandrarar og vel tre for dei frå Afrika. Som eg har skrive om tidlegare (kronikk 20.4) går barnetalet no raskt nedover i dei fleste asiatiske og afrikanske land, slik at det heller ikkje i utvandrarlanda vil vere element som trekkjer i retning eit barnetal vesentleg over norsk gjennomsnitt. Legg me i staden inn slike, sannsynlege hovudtrekk, kjem me til at innvandrarbefolkninga vil auke sakte eller stabilisere seg, også om Norge gir alle som ber om det, lov til å hente ektemakar frå sine tidlegare heimland.

Anfindsens dokumentasjon er at innvandringa frå Asia og Afrika har auka kraftig. Men dei siste åra har innvandringa frå desse verdsdelane gått attende. Ser me på nettotala, kom det 392 færre afrikanarar og 569 færre asiatar til Norge i 2006 enn i 2003. Når innvandrartala samla sett auka i denne perioden, var det fordi fleire europearar, særleg polakkar, valde Norge som ny bustad.

Dersom Anfindsens teori skulle ha noko for seg, ville dei ikkje-vestlege landa som hadde mest innvandring til Norge på 1980- og 90-talet, ha hatt sterk vekst i innvandringa i åra etterpå. I staden har mønsteret endra seg. Det kjem fleire frå Irak og Somalia og færre frå Pakistan og Sri Lanka og Vietnam no enn på åttitalet. Men ein pakistansk innvandrar hentar ikkje ektemake frå Irak eller Somalia.

Me kan oppsummere: Muslimsk fleirtal i Norge er så lite sannsynleg at det ikkje er grunn til å gi temaet særleg mykje medieplass framover. Det er eit spørsmål på nivå med risikoen for at lesaren skal få ein meteorstein i hovudet eller at Færøyane skal okkupere Norge.

 

Tilbake til HonestThinking