Denne kronikken sto på trykk i Klassekampen 10.06.2009, og republiseres på HonestThinking 10.10.2009 etter avtale med forfatteren.

 

 

 

Religion og kritikk

 

Tema ved Nordland Akademi 10. og 11. juli

 

Av Jon Hellesnes, professor emeritus i filosofi

 

Framståande samfunnsteoretikarar ved slutten av 1800-talet og i førstninga av 1900-talet hevda at religion var uforeinleg med moderniteten, og at den var dømt til å forsvinne. Somme helsa ei slik utvikling velkomen, andre såg den som ille, men at religionen faktisk ville gå i oppløysing, var dei einige om. I dag må vi konstatere at dei tok feil. Religionen er ikkje blitt borte. Den er tvert om blitt ei kulturell kraft, og ikkje berre til det gode.

   I eit seminar ved Nordland Akademi i Melbu 10. og 11. juli vil foredragshaldarar med ulike oppfatningar drøfte religion og religionskritikk. Ikkje minst vil fundamentalisme innanfor kristendom og islam då bli eit tema.

 

I og med den religiøse fundamentalismen, er det inga overrasking at også den militante ateismen har kome tilbake. Boka ”The God Delusion” av biologen Richard Dawkins er for tida ein internasjonal bestseljar. Kritikk av religion på naturvitskapleg grunnlag råkar fundamentalismen fordi den konkurrerer med naturvitskaplege teoriar om universet og om korleis livsformer har utvikla seg. Men slik kritikk råkar ikkje religion allment. Skiljet mellom religion og vitskap kom inn i vesterlandsk kultur ved slutten av 1700-talet, og ein kan vanskeleg avskaffe det utan også å måtte rehabilitere metafysikken.

   Med ”scientistisk ateisme” forstår eg oppfatninga om at moderne naturvitskap representerer ei definitiv tilbakevising av religion, og at den kan slå fast at alle religiøse utsegner er falske og grovt villeiande. Dei vitskapane det særleg blir vist til innanfor dette livssynet, er fysikk, astrofysikk, biologi (inkludert evolusjonsteori), nevrovitskap og psykologi. Mange veit dette: Med filosofen Kant i brodden øydela den kritiske rasjonalismen, frå slutten av 1700-talet og framover, illusjonen om at det går an å få til gudsbevis på rasjonelt grunnlag. Færre veit at denne øydelegginga i like høg grad gjeld illusjonen om at det kan finnast vitskaplege bevis for Guds ikkje-eksistens. Intellektuelt sett står den scientistiske ateismen på same nivå som den teologiske metafysikken. 

      I tradisjonen frå Aristoteles og skolastikarane i mellomalderen  forheld det seg slik: Metafysikk går ut på å finne ut kva som djupast sett eksisterer og er verkeleg. Den tar mål av seg til å vere rasjonelt basert kunnskap av eit fundamentalt, overordna og sikkert slag, altså Supervitskap. Pretensjonen har naturlegvis vist seg å vere altfor stor. I løpet av nytida braut prosjektet saman under den enorme bevisbøra.

   Det finst ingen supervitskap lenger. Det finst berre fallible (feilbarlege) prosedyrar og teoriar, dvs. prosedyrar og teoriar som endrar seg etter som den empiriske kunnskapen aukar. I løpet av det 20. hundreåret har denne vitskapsteoretiske innsikta breidd seg i vitskapskulturen. At det fallible ved all vitskap ikkje er ein veikskap, men ein styrke, har fleire enn Karl Popper gjort klart. Men dermed er det jo også ei grense for kva det går an å uttale seg om på naturvitskapleg grunnlag. At religionen ligg bortanfor denne grensa, har vore ei innsikt lenge.

 

Dermed er det ikkje sagt at religion er uproblematisk. Eitt av mange problem i samband med religion gjeld forholdet mellom religiøs fundamentalisme og toleranseprinsippet. Religiøse rørsler som siktar mot ei tilbakevending til ei førmoderne livsform med eit monolittisk system av doktriner, er - ope eller i det skjulte - fiendsleg innstilte til ein tolerant politisk kultur. Overtydinga om at Sanninga er gitt ved guddommeleg autoritet, og at Den Rette Livsvegen er staka ut ein gong for alle, fører med seg mistru til kulturell pluralisme. Med ei slik overtyding er det vanskeleg å fatte poenget med opne diskusjonar og fridom til å leve slik ein sjølv ønskjer. I eit slikt tilfelle vil ein tolerant kultur tvert om kunne oppfattast som ein ståande ivitasjon til kjetteri og synd. Rett nok vil også ein fundamentalist kunne innsjå at dei sosiale kostnadene ved ei open forkasting av toleranseprinsippet er for store. I så fall vil han eller ho akseptere det verbalt, men då denne aksepten berre er taktisk motivert, vil den dekkje ein praksis som fremjar religiøs fundamentalisme og svekkjer toleransen.

Denne strategien finn vi, etter mitt syn, hos fundamentalistiske politikarar i vestlege land som på eit reint teologisk grunnlag intervenerer i sekulariserte sektorar der det gjeld å utforme tiltak ut frå vitskapleg kunnskap, for eksempel det helsepolitiske feltet. Dei prøver, så å seie, å hente tilbake, inn i den religiøse sfæren, saker som i lengre tid har hatt sin legitime plass i ein verdsleg samanheng. Her står vi overfor ei form for åtferd som verkar øydeleggjande på den modernitetskulturen som toleranseprinsippet kviler på. Det som eg har skissert konturane av, skal eg no prøve å gjere tydelegare med eit par eksempel.

   I 2003 kravde presidenten i USA, George W. Bush, ut frå evangelisk kristendom at amerikanske helsearbeidarar i Afrika skal påverke folk til seksuelt avhald heller enn å lære dei å bruke kondom. Ifølgje ”New York Times” (15. oktober, 2003) har religiøst motiverte vedtak i US-regjeringa effektivt stoppa ei mengd tiltak mot AIDS, noko som har enormt mange dødsfall som konsekvens. Også Romarkyrkja definerer bruken av prevensjonsmiddel som synd og har, under den førre paven, sett i verk eit program for motstand mot distribusjon av kondomar i Afrika. Den nye paven, Benedikt XVI, har forlenga denne kampanjen. Det er rapportert om grupper av helsearbeidarar som prøver å stoppe denne innblandinga i ei sak som gjeld liv og død, nettopp i land der AIDS-pandemien herjar.

   Kva skal vi så seie om motsetnaden mellom dei klerikale og helsearbeidarane? For meg ville det sjå ut som eit tilfelle av misplassert akademisme å ta ein slik situasjon primært som eksempel på ein problematisk skilnad mellom ulike "kulturar" eller vokabular eller system av omgrep, dvs. som ein situasjon der problemet er å omsetje noko frå eit system av omgrep til eit anna, altså som eit slags kommunikasjonsproblem. Eg vil heller tolke situasjonen som ein konflikt der mentalt friske og ansvarlege menneske prøver å hjelpe ein svakare part mot mektige menneske med forskrudde idear.

 

 

 

 

Tilbake til HonestThinking