Denne kronikken sto på trykk i Klassekampen 29.09.2009, og republiseres på HonestThinking 14.11.2009 etter avtale med forfatteren.

 

 

 

Er toleranse farleg?

 

 

Av Jon Hellesnes, professor emeritus i filosofi

 

I Klassekampen 19. september stod det ei kjempeoverskrift: ”Toleranse er farlig.” Slavoj Zizek har sagt noko slikt, og han blei intervjua. Eit intervjuobjekt kan lett kome i skade for å ordleggje seg på ein uheldig måte. (Det veit eg frå eiga erfaring.) Så eit intervju eignar seg svært dårleg som gjenstand for opposisjon og kritikk. I resten av denne utgreiinga set eg derfor Zizek i parentes. I staden fokuserer eg på det allmenne formularet: ”Toleranse er farlig.”

 

Tesen er altså at toleranse er farleg. Både eit ja og eit nei til den føreset svar på dette: Toleranse i kva forstand? I kva slags samanheng? Det kan finnast både sterke og svake versjonar av tesen. Med ein sterk versjon meiner eg ei formulering som gjer tesen oppsiktsvekkjande og konsekvensrik, men til gjengjeld vanskeleg å forsvare på rasjonelt vis. Med ein svak versjon meiner eg ei formulering som gjer den lite konsekvensrik og tilnærma triviell, men svært lett å forsvare. Retorikk-lærde har lenge visst at det er vanleg blant skribentar å skifte mellom ein sterk og ein svak versjon alt etter som det høver. Av og til gjeld det å ha noko sterkt og oppsiktsvekkjande å by på. Andre gonger gjeld det å gjere bevisbøra så lita som råd er. Eller for å seie det med Austin: ”There is the bit where you say it and the bit where you take it back.”

 

   Ein sterk versjon av den aktuelle tesen vil gå ut på at alle former for toleranse er farleg, alltid og i alle samanhengar. Ein svak versjon vil gå ut på at visse former for toleranse er farlege, i det minste sleipe. Dei fleste vil venteleg kunne akseptere den svake, men kan vere usamde om kva  dei farlege variantane nærmare bestemt går ut på. Eg for min del oppfattar følgjande to former for toleranse som farlege. Den eine går ut på å akseptere det meste ut frå følgjande (relativistiske) filosofi: ”Alle har rett til si tru og si livsform, for ingen veit og ingen kan vite kva som er sant og rett.” Dette er ein multikulturalistisk variant av toleranse. Ein annan variant er minst like ille. Den kviler på oppfatninga om at folk flest er dumme, og at det er poenglaust å prøve å få dei til å forstå noko som helst. I staden gjeld det å tole fordommane deira. Ein passar seg for å skrive ”for vanskeleg” eller ”kontroversielt”. I staden smigrar ein folk, snakkar dei etter munnen. Motivet kan vere å hente dei inn som publikum for visse media eller som veljarmasse for eit visst politisk parti. I slike tilfelle vender ein seg til publikum som om alle er kunnskapslause ”fjortiser”. Denne varianten inneber menneskeforakt (misantropi). Det hjeper ikkje at foraktaren eventuelt (mis)forstår seg sjølv som tolerant demokrat. Det finst fleire eksempel på ekkel toleranse, men det held med dei eg har nemnt.

 

Både ein ikkje-relativist og ein skribent som respekterer publikum, kan kome til å polemisere sterkt. Åtaket rettar seg mot det han eller ho oppfattar som kritikkverdig. I ein viss forstand er vedkomande då intolerant. Men intoleransen er av eit særeige slag. Den ligg nemleg innanfor systemet av demokratiske rettar. Ytringsretten inneber at folk skal ha (juridisk) rett til å ytre seg på måtar ein sjølv mislikar, liksom ein sjølv har rett til å ytre sine kritiske merknader mot dei. Ytringsretten føreset prinsippet om toleranse. Dei som er for ytringsretten, må naturlegvis akseptere dette prinsippet. Alternativet til å akseptere toleranse i denne spesielle forstand er å gå inn for forbod mot alt ”vi” (eventuelt fleirtalet) mislikar. Forbod krev sanksjonar: forfølging, deportering, fengsling og liknande. 

 

   Toleranseprinsippet ligg også til grunn for organisasjonsretten, inkludert retten til å skipe sterke fagforeiningar. Dersom ein slik rett skal kunne eksistere i ein stat, har alle statsborgarar og dessutan alle statlege autoritetspersonar plikt til å tole (tolerere) at folk organiserer seg, også på måtar som mange mislikar. Visse organisasjonar er rett nok skadelege. Dei kan ikkje tolast. Men det kan vere høgst kontroversielt kva for organisasjonar dette nærmare bestemt er.

 

   Mccarthyistar har, som kjent, hatt lett for å peike ut skadelege organisasjonar. Senator Joe McCarthy sa som så: ”Toleranse er farleg!” Han løyste ut ei form for intoleranse som var og er rettsstatleg forkasteleg. Men vi har sterke nok døme på anti-rettsstatleg intoleranse frå vårt eige land også. Den politiske og rettsstridige overvakinga av norske statsborgarar er med rette oppfatta som ei nasjonal skam.

 

   Politiske dissidentar er ikkje alltid like trygge innanfor ein sårbar demokratisk rettsstat. Kapitalismen motiverer stundom drastiske åtgjerder. Dissidentar har ei objektiv interesse av toleranseprinsippet i systemet av demokratiske rettar. Men ein dissident kan naturlegvis, i visse tilfelle, vere for dum til å forstå det. Då kan han endåtil finne på å seie med Joe McCarthy: ”Toleranse er farleg!”

 

Det som er farleg i samband med emnet toleranse / intoleranse, er å føle (med eller utan sveitting) i staden for å tenkje. Men tenking krev visse distinksjonar og nyanseringar: Toleranse i kva slags forstand? Intoleranse på kva slags vis? Polemiske ytringar eller brannbomber? Allmenne formuleringar om at toleranse er farleg, om at intoleranse er bra som metode, eller om at intoleranse er farleg, er ekstremt sløve. Kort sagt: Setninga ”toleranse er farlig” eignar seg ikkje eingong som retorisk oppkvikkar.

 

 

 

 

Tilbake til HonestThinking