Dette innlegget sto på trykk i Klassekampen 05.10.2010. Etter avtale med forfatteren republiseres det av HonestThinking 31.12.2010.

 

 

Se også et relatert innlegg av Lunden om Kulturskilnad.  

 

 

Forsking, multikulturalitet, innvandring

 

Av Kåre Lunden, professor emeritus i historie

 

 

Knut Kjeldstadlis svar til meg 30. september inneber ei mistyding av meininga mi med framlegget mitt 13. september. Eg foreslo eit globalt, samanliknande forskingsprosjekt. Det skulle samanlikne grupper av land, der den eine gruppa skulle bestå av «relativt monokulturelle samfunn», den andre av utprega multikulturelle. Kva for ei gruppe realiserte best politiske mål som demokrati, egalitær struktur, lite valdsbruk? Bakgrunnen for framlegget var mogelege problem ved den raske segregeringa i Oslo, jamfør Groruddalen.

 

Etter Kjeldstadlis svar 21. september, presiserte eg at eg ikkje går inn for å sende ut att slike som er lovleg innvandra, og då ikkje ser absolutt monokulturelle samfunn som eit realistisk mål.

 

Kjeldstadli svarar no at han hadde trutt forskingsframlegget mitt var meint å ha «relevans for samtida», som det ikkje har. Svaret må innebere at han ser forsking her som praktisk irrelevant, om den ikkje tek sikte på idealtypisk monokulturalitet. Men må der ikkje vere spørsmål om ulike grader og måtar? Eg presiserer igjen: Mi meining er at prosjektet, og empirisk forsking på feltet generelt, har praktisk, politisk relevans, utan omsyn til den grad av multikulturalitet ein vil gå inn for.

 

Så langt svar til Kjeldstadli. Sidan det nett no er særskilt aktuelt, legg eg til: Hos Skavlan førre fredag var det sagt, mellom andre av eksstatsråd for Ap, Anne Holt, at i Sverige er det nær tabu for danna menneske å tale om innvandringsspørsmål; og politiske parti  som tek slikt opp vert automatisk behandla som paria. Noreg burde fylgje Sverige i å vere «politisk korrekt» på denne måten, vart det sagt. Men er der ein slik skilnad mellom dei to landa som påstått, så må den vere utslag av ei svakare stilling for lønstakarane, og for venstrepolitiske synsmåtar, i Sverige. Eller så er det mindre kunnskap om dei økonomiske fylgjene av innvandring der.

 

Internasjonal forsking slår no fast, så det er uproblematisk etter oppslagsverka, at ein hovudverknad av migrasjon er denne: Nettomigrasjon til eit land (område) A frå eit land (område) B vil redusere arbeidslønene og auke kapitalavkastinga i A, med dei motsette verknadene i B (Kuper & Kuper, «Migration», The Social Science Encyclopedia, London 1996). Unntak frå hovudregelen er berre slike tilfelle der det er heilt uvanleg mykje uutnytta naturressursar, som i USA i tidleg tid. Tabuisering av omtale og studium av innvandring, som påstått i Sverige, verkar såleis direkte i interessa til kapitaleigarane, motsett for lønstakarane, i eit innvandringsland.

 

Meir generelt gjeld: Dersom open politisk drøfting og fri forsking no skal tabuiserast, over emne som innvandring og multikulturalitet, så er dette ein parallell til tilsvarande tabu tidlegare, då galdt det religion og seksualitet. Religiøse og obskøne emne måtte i alle fall berre omtalast slik det var godkjent av eit presteskap. Naturvitskaplege emne var også tabuiserte, så langt dei vart oppfatta som religiøst relevante (det vil mest seie at dei rørte ved etablerte interesser), som astronomien ca. år 1500, utviklingslæra i USA enno.

 

Emne som i Noreg i 2010 nærmar seg noko til å bli oppfatta som religiøse eller obskøne, slik at danna menneske ikkje bør drøfte dei, er vel, forutan innvandring og multikulturalitet, særleg nasjonalisme og likestilling mellom kjønna. All tabuisering er for meg signal om at just her bør det forskast og diskuterast meir og friare, ikkje mindre og meir hemma, som påstått i Sverige. Frå venstrepolitisk synsstad bør ein vel merke seg at tabuisering vanlegvis tener til å kamuflere etablerte interesser. Det er ingen grunn til å tru at tabuisering av forsking og diskusjon om innvandring og fleirkulturalitet i Noreg er eit unntak. Jamfør at herredøme for mindretalet over fleirtalet etter Gramsci generelt vert utøvd som herredøme over medvitet.

 

 

Tilbake til HonestThinking