Denne kronikken sto på trykk i Klassekampen 26.03.2007, og republiseres på HonestThinking.org etter avtale med forfatteren.

 

Dei mange språka

 

Av Olav Randen, småbrukar, skribent og forleggjar

boksmia (at) online.no

 

På kronikkplass i Klassekampen 19.3 tek Arild Rønsen til orde for engelsk i Norge. Det vil vere bra om norsk språk forsvinn, for språk er kommunikasjon og berre det, og med engelsk kan me kommunisere betre, skriv han.

Før eg skriv meir om dette, vil eg bruke nokre ord på Vålerenga fotballklubb, som viss eg er rett orientert er ei av Rønsens store interesser. Vålerenga er eit middelmådig fotball-lag. Nei då, eg skriv ikkje det for å rakke ned på laget eller erte opp motdebattanten, men fordi det er eit faktum som Rønsen og eg nok er samde om. Rundt om i verda finst fleire hundre betre lag. Så kvifor sender NRK eller TV2 fotballkampar med Vålerenga? Hadde det ikkje vore betre å sende brasilske eller spanske kampar, slik at interesserte sjåarar kunne oppleve skikkeleg kvalitetsfotball? Og hadde det ikkje vore betre å spele desse toppkampane på storskjerm på utestader i Oslo enn å lokke innbyggjarane til å gå på Vålerengas kampar, no når moderne teknikk gjer at me kan nyte det beste?

Mitt svar på desse spørsmåla er at det er fornuftig å sende norske fotballkampar på norsk TV (endå dei burde halde måten). Men det er ikkje så lett å grunngi på ein rasjonell og logisk måte kvifor. Det har med noko vagt og kjenslemessig, med folks tilhøyrsle til eit land og eit område, å gjere.

Det er noko av det same med nasjonar og med språksamfunn. Nasjonalisme-forskaren Benedict Anderson kallar nasjonar imagined communities. Imaginære samfunn altså. Liksom stordelen av dei som ser Vålerengas kampar og held med laget, knapt nok kjenner ein einaste spelar, kjenner me som bur i dette landet og kallar oss nordkvinner og –menn ikkje dei fleste av landskvinnene våre. Me opplever det likevel slik at me er eit fellesskap.

Slike fellesskap er fornuftige og nødvendige. Kvar enkelt av klodens 6,5 milliardar menneske kan i liten grad sokne til eit globalt demokrati. Ei avstemming om me på kloden skal ha engelsk eller kinesisk som språk eller islam eller kristendom som religion blir berre kaos og tull. Den einaste kjende måten å få demokrati til å fungere på, er i mindre samfunn som tek standpunkt i dei sakene som gjeld lokalt, og som så samarbeider seg imellom att. Eit demokrati på mange nivå altså.

Dei mange samfunna og mange språka gir variasjon og mangfald. Er det bra? Eg trur det. Livet i Norge hadde kanskje vore enklare utan samisk og kvensk og nynorsk, men det hadde også vore fattigare. Og truleg hadde tenking og kunst vore meir einsarta. Det er eit uttrykk som seier at der alle tenkjer likt, blir det tenkt lite. Mest truleg hadde Olav Duun gått over i historia som ein anonym folkeskulelærar om det ikkje hadde vore for namdalsdialekta og nynorsken, Alf Prøysen vorte ein bortgøymd fjøsrøktar eller industriarbeidar utan ringsakermålet og Mari Boine lært finnmarksungar å lese og rekne viss det ikkje hadde vore for samisk språk.

Folk vil høyre til samfunn. Difor er det ikkje berre slik at språk og språkformer forsvinn, men også slik at nye blir til. Engelsk i India og Australia og Sør-Afrika er annleis enn i Oxford. Om nokre tiår eller hundreår blir kanskje skilnadene så store at me kan snakke om mange engelskætta språk. Folkegrupper vil finne eigen identitet.

Eit språk er ein kommunikasjonsmåte og berre det, skriv altså Rønsen. Etter mitt skjøn uttrykkjer eit språk kunnskapar og innsyn og tenkjemåtar som ikkje alltid finst i andre språk. Til dømes har australske botanikarar funne ut at dei må lære seg aboriginarane sine språk for å forstå skilnader mellom planter som ser like ut i mikroskopet.

Same kva samfunnssyn me har, same om me er kommunistar eller sosialistar eller liberalarar eller konservative, bør me vere samde om at verda går sin skeive gang og at me manglar mange av svara på korleis me skal rette det som er skakt. Difor er det om å gjere å ta vare på alle kunnskapar og tenkjemåtar.

La meg ta eit hypotetisk eksempel: Aids oppstod i 1960-åra  og har til no kravd 40 millionar menneskeliv. Viruset har truleg nådd menneske frå afrikanske apar. La oss tenkje oss at vår tids åtak ikkje er det første. I ei afrikansk folkestamme har dei hatt tidlegare åtak, men kjent til medisinplanter som kunne drive viruset attende. Men kulturen og språket til denne stamma er borte, og ingen kom på å spørje før det var for seint.

Dette var altså eit tenkt døme. Men det illustrerer at kunnskapar og tenkjemåtar kan vere nøye knytt til språka. Blir stordelen av verdas 7 000 språk borte, vil også kunnskapar og innsyn forsvinne for alltid. Liksom det er uråd å gjenskape ein tapt plante- eller dyreart, er det uråd å vekkje liv att i eit språk eller ei språkform som har vorte borte. Difor er jamføringa mellom språk og biologisk mangfald relevant.

I samfunn med skilnader mellom høg og låg gjeld det å snakke normalt og fint. Sidan folkeskulen kom på 1700-talet, har samisktalande skuleelevar vorte plaga av lærarar og medelevar. Elevar med kvensk eller rom-språk  og med tornedalsfinsk eller meänkieli like eins, ofte også dialekttalande norske. Spanskrøyr, attsitjing, internatskular og bibliotek med berre norsk og svensk lesnad er blant samfunnas metodar for å tvinge dei over til standardspråka. Mobbinga har halde fram inn i vaksenlivet, til dømes dit at dialektsnakkande politikarar er eit sjeldsyn i dei fleste land. Og når politikarane har lagt vekk talemålet sitt, har dei truleg også endra tenkje- og synsmåtar. Vekk frå veljarane si tenking og over til makta si.

Rønsen er for ei naturleg språkutvikling, skriv han. Det høyrest sympatisk ut. Det er berre det at det som er naturleg for ein, ikkje er det for ein annan. For direktøren med studieår i USA, US-amerikanske venner og hyppige feriar i Florida følest det svært så naturleg å bruke engelsk i bedriftsstyret. Men det følest framandt for arbeidarrepresentanten som aldri var utomlands på skule, som omgår norsk- eller pashtu-talande arbeidskameratar og som ferierer i Sogn eller på Senja.

 

Tilbake til HonestThinking