Denne kronikken sto på trykk i Klassekampen 20.04.2007, og republiseres på HonestThinking.org etter avtale med forfatteren.

 

Muslimsk babyboom?

 

 

Av Olav Randen, småbrukar, skribent og forleggjar

boksmia (at) online.no

 

Me har møtt det frå Frp, langt på veg frå sosiologen Sigurd Skirbekk og tydelegast frå tidlegare stortingsrepresentant Hallgrim Berg i boka Amerikabrevet, påstanden om at muslimske kvinner føder mange barn som ledd i ein kynisk strategi for å erobre nye land og kanskje verdsherredømme. Berg skriv at målet til muslimske leiarar er å omdanne Europa til eit Eurabia, og metoden er ”ein kombinasjon av olje, emigrasjon, fødselstal, .... grenselaus terrorisme og tusenårig tolmod.” Han bruker uttrykket muslimsk babyboom, fortel at ”elitane i desse landa let folketalet vekse uhemma” og mykje meir av same slaget.

Det vanleg brukte målet for fødselstal eller fertilitet er gjennomsnittleg tal fødslar pr kvinne mellom 15 og 49 år. I fattige land ligg dette vanlegvis høgt, i overgangsland lågare og i land med god økonomi og godt helsestell vesentleg lågare. Det har å gjere med at dei fleste ønskjer etterkommarar, men ikkje nødvendigvis mange etterkommarar. Viss dei kan føle seg nokolunde trygge på at barna lever opp, vil dei føde færre barn. Variasjonar i barnetal har sjølvsagt også å gjere med kulturskilnader og skilnader i familiemønster, med kvinners tilgang på arbeid, med barnearbeid og med prevensjon og abortar.

I vårt land låg fødselstalet på 1800-talet på mellom 4 og 5. Når det ikkje var endå høgare, var det fordi vanleg alder for inngåing av ekteskap var høgare enn i mange land. Frå sist på 1800-talet kom ein periode med betre ernæring og betre helsestell, med kunnskapar om sjukdoms- og bakteriespreiing, handvask og reingjering, vaksinar og etter kvart bruk av antibiotika. Det førde til sterk nedgang i barnedød. Med det kom ein eksplosiv vekst i folketalet, som i vår del av verda hadde vore endå sterkare utan utvandringa. Etter kvart gjekk fødselstalet ned, og folketalet stabiliserte seg.

Mange land i den tredje verda er no på omtrent det nivået Norge var hundre år sidan. Fødselstalet er framleis høgt, men spedbarndøden går ned. Me kan vente at det blir følgt av ein nedgang i fødselstal, og ser denne nedgangen i mange land. No er folketalet på kloden 6,5 milliardar. Truleg vil det flate ut på mellom ni og ti milliardar midt i dette hundreåret.

Men muslimar er altså ifølgje Berg og hans meiningsfellar unntak. For dei har som medviten politikk å erobre verda, med nye innbyggjarar og eit uendeleg tolmod som våpen.

La oss gå til statistikken, FNs demografiske årbøker. Om desse som åtvarar mot muslimsk babyboom, har rett, må me for me for det første finne høgare fødselstal i muslimske land enn i land det er naturleg å samanlikne med og med andre religionar. For det andre må me finne vekst eller iallfall stabilitet i fertiliteten i muslimske land.

Muslimske eller i hovudsak muslimske land med meir enn 100 millionar innbyggjarar er Indonesia, Bangladesh, Pakistan og Nigeria. Inn blant desse kjem India, som eg held utanom fordi nasjonstala ikkje skil mellom hinduar og muslimar. Fødselstala dei første åra av dette hundreåret var 2,4 i Indonesia, 3,3 i Bangladesh, 4,3 i Pakistan og 5,9 i Nigeria.

Kva så med land med andre religonar og om lag same økonomiske situasjon? Det i hovudsak kristne Etiopia hadde eit fødselstal på 5,9, den også i hovudsak kristne Demokratiske republikken Kongo hadde 6,7, i hovudsak hinduiske India har 3,1 og buddhistiske Laos 4,8. Me kunne bruke fleire døme, men dette er tilstrekkeleg for å vise at fødselstalet slett ikkje er høgare i muslimske land enn i samanliknbare land med andre religionar.

No går fødselstalet ned i dei fleste afrikanske og asiatiske land. Nedgangen er sterkast i muslimske land. Kvar mor i desse landa får to færre ungar enn det mødrene gjorde tjue år attende. Forklaringa på det er ikkje religionen, men i staden at mange muslimske land har gjort store framsteg når det gjeld helsestell, barneomsorg og trygge levekår. Når foreldra kan føle seg nokolunde trygge på at barna veks opp, set dei færre barn til verda. I 1980 var talet 4,4 i Indonesia, 6,4 i Bangladesh, 6,5 i Pakistan  og 6,9 i Nigeria, mot altså 2,4, 3,3, 4,3 og 5,9 no. Irak har hatt ein nedgang frå 6,8 til 4,8, Iran frå 6,8 til 2,1,  Saudi Arabia frå 7,3 til 4,1 og Tunisia frå 4,5 til 2, for å nemne nokre fleire land.

Av dette kan folk som er uroa over folketalsveksten i den tredje verda, trekkje ein viktig lærdom. Den mest effektive metoden for å redusere veksten er ikkje åtvaringar utanfrå og ikkje program for familieplanlegging, men å hjelpe landa til stabilitet, eit godt helsestell og og omsorg for dei små. Då vil innbyggjarane ordne resten sjølve.

Det store trugsmålet for Berg er Midtausten. Gjennomsnittleg fødselstal i Midtausten ligg på rundt 6, kan han fortelje. Talet har ingen ting med verkelegheita å gjere. Det reelle fødselstalet er i overkant av 3, og det går nedover. I mange land nærmar det seg reproduksjonsnivået på 2,1.

Sigurd Skirbekk bruker eit anna talmateriale. Han fortel om den eksplosive folketalsveksten i andre land og den moderate veksten i vår del av verda. Men han lèt vere å nemne at desse landa no er inne i den fasen vår del av verda gjennomlevde på seint 1800- og tidleg 1900-tal, den tid barnedødstala gjekk ned og fødselstalet framleis var høgt og folketalet difor vart fleirdobla. Han lèt vere å nemne at hadde det ikkje vore for utvandringa, hadde folketalsveksten vore endå raskare denne tida i vår del av verda. Og han lèt vere å nemne at folketalet no er i ferd med å flate ut i svært mange land.

Statistikken viser at dei som snakkar om muslimsk babyboom, anten er utan evne til å undersøkje eller bløffmakarar. Realiteten er at fødselstalet har gått kraftig nedover i mange muslimske land dei siste tiåra, og at nedgangen har vore sterkare i muslimske land enn i land med andre religionar. Og nedgangen er sterkast i den regionen me norske blir skremde aller mest med,  Midtausten.

 

Tilbake til HonestThinking