Dette innlegget sto på trykk i Klassekampen 18.08.2007, og republiseres av HonestThinking etter avtale med forfatteren.

 

Fantasiane om muslimsk fleirtal

 

Av Olav Randen, småbrukar, skribent og forleggjar. boksmia (at) online.no

 

I kronikk i Klassekampen 18. juli skreiv eg at påstanden om at det kan bli muslimsk fleirtal i Norge, saknar feste i røyndommen. 13. august skriv redaktør i nettstaden HonestThinking, Ole Jørgen Anfindsen, mot dette: ”Dersom vi får en noenlunde jevn demografisk utvikling, ligger Norge/Europa an til å få muslimsk flertall om noe slikt som 50 til 150 år.”

Men for å kome til denne konklusjonen føreset han slett ikkje ei jamn demografisk utvikling. Han føreset i staden at den eine gruppa, muslimane, skal vekse eksponensielt.

For å forklare kva dette inneber, kan me tenkje oss eit banklån på 1 000 kroner til 7 % rente. Kvart år veks altså lånet med 7 %. Renta blir rekna av den nye summen. Etter 10 år er lånet nesten dobla. Etter 50 år har dei 1 000 lånte kronene vorte til nesten 30 000 kroner. På same viset er det med Anfindsens muslimar. I 2005 var det ifølgje hans tal 78 000 muslimar i Norge. Med ein vekstrate på 7, som han held som sannsynleg, vil dei auke til 2,3 millionar om 50 år og til 6,3 millionar om 65 år. Dette fordi dei a) får så mange barn og b) blir fleire med henteekteskap og familiegjenforeiningar.

La oss sjå på barnetal først. Fødselstalet ligg ifølgje Statistisk Sentralbyrå noko høgare for første generasjon asiatar og afrikanarar enn for etnisk norske. I andre generasjon jamnar det seg ut til norsk nivå.

Anfindsens muslimar må altså i all hovudsak kome med ny innvandring. Og det må kome fleire muslimar enn ikkje-muslimar. Me er 4,5 millionar ikkje-muslimar i Norge no, slik at det må kome 4,5 millionar fleire muslimar enn ikkje-muslimar. Om to av tre innvandrarar i framtida skulle vere muslimar, må det kome rundt 13,5 millionar menneske hit – og folketalet i vårt kalde og ugjestmilde land bli 18 millionar – før spådommen hans går i oppfylling.

Innvandringa dei siste åra følgjer eit heilt anna mønster. Det er ingen eksponensiell vekst i talet på innvandrarar frå muslimske land. Tvert om er det ein, rett nok veik, nedgang. Knapt ein av fire kjem no frå land med islam Derimot aukar innvandrartalet frå Europa, spesielt frå Polen. Av dei er det neppe mange muslimar. Det er altså på høg tid at Anfindsen prøver hypotesane sine mot fakta.

I staden introduserer han ein tredje faktor, at nordmenn konverterer til islam. Men slik eg forstår nettstaden hans, er han oppteken av menneskes frie val, og då har eg vanskar med å forstå at skifte av religion kan vere ”en overhengende fare”? Dessutan kan konvertering like gjerne skje i andre retningar, frå islam til kristendom eller buddhisme eller truløyse.

I kronikken skreiv eg at det ikkje er grunn til å gi temaet muslimsk fleirtal mykje medieplass framover. Det får Anfindsen til å rope om sensur. Men spådommane hans er så dårleg funderte at dei må kallast fantasiar heller enn samfunnsanalysar. Me treng eit mangfald av meiningar og analysar i media, men me har meir enn nok av fantasiar.

 

Tilbake til HonestThinking